Du bur under bergefall.
Og du veit det.
Men du sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.
Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
um du då har livet.
     - O. Hauge